Hopp til innhold

Søk jobb hos Folkehelseinstituttet

Publisert Oppdatert


Folkehelseinstituttet skal bidra til godt folkehelsearbeid og gode helse- og omsorgstenester gjennom å forske på, analysere, oppsummere og kommunisere kunnskap.


Folkehelseinstituttet er ein nasjonal kompetanseinstitusjon på desse fagområda: 

  • smittevern
  • psykisk og fysisk helse
  • miljøfaktorar, rusmidlar, tobakk, ernæring, fysisk aktivitet og andre forhold som påvirkar helsetilstanden og ulikskap i helse
  • helsefremmande og forebyggande tiltak i befolkninga
  • internasjonal helse

Vil du bli med på laget?

Hos oss møter du ansatte med høg kompetanse og stort engasjement. Mykje av arbeidet foregår i team på tvers av avdelingar og område. Vi har fokus på samarbeid og jobbar med å få gode og moderne digitale samarbeidsplattformer som skal gi oss ein enklare arbeidskvardag.

Her forskar vi blant anna på vaksiner, skadedyr, giftinformasjon, rusmiddel, fertilitet, familie og barn, migrasjonshelse, smittevern, oppvekst og miljøpåverknad. Vi driv med helseanalyse, overvåking av utbrudd, oppsummering av forskning. Vi forvaltar store register med mengder av helsedata som brukast til forskning nasjonalt og internasjonalt. Vi har eit senter for fremragande forskning, store befolkningsundersøkingar, samarbeid med kommunane og nyttig informasjon som skal ut til befolkninga og helsetenesten.

[Aktuelt bilde til teksten under?]
Vi står foran store moglegheitar og ei spennande tid med digitalisering av helsedata. Vi bygger nye løysingar, utbetrar dei som eksisterer og har ei aktiv rolle i samarbeid med andre nasjonale helseaktørar. I IT-avdelingane våre blir du en del av et dynamisk utviklingsmiljø som leverer innovative og brukerorienterte løsninger.

Vi kan tilby

  • Attraktive lokale i Oslo og Bergen: Lokala våre er i stor grad moderne og inndelt i både landskap og mindre kontorer, med møterom som gir gode moglegheiter for samarbeid.
  • Kantiner med varm lunsj og salatbar.
  • Fleksitid og IA-bedrift: Vi tilbyr fleksibel arbeidstid (normal arbeidstid 00–15.45). Vi er en IA-bedrift, som blant anna betyr utvida rett til eigenmelding ved sjukdom.
  • Sommartid: Mellom 15. mai og 15. juni er normal arbeidstid 08.00–15.00.
  • Trening i arbeidstida: Dersom du har lita tid til å trene på grunn av tidsklemma på hjemmebane, så kan du to timer trening per uke i arbeidstida, enten aleine eller saman med kollegaar. FHI har eit aktivt bedriftsidrettslag og nytt treningsrom på Lindern.
  • Permisjon: Vi har fleksible ordningar for omsorgs- og velferdspermisjonar, med og utan lønn.
  • Pensjonsordning: Alle tilsette er medlem av Statens pensjonskasse og nyt godt av avtalene og goda som følger med. Det trekkes 2 prosent av brutto lønn til obligatorisk premieinnskudd.
  • Lånemoglegheiter: Via medlemskapet i Statens pensjonskasse får du tilgang til eit av dei beste boliglåna på markedet. Gjennom arbeidsgivar blir det også ved behov gitt moglegheit til kortsiktige lønnslån.

BILDE FRA KANTINA

[Bildetekst]
Vi møtes gjerne til lunsj i trivelege kantiner med både varm mat og salatbar som kokkane våre lagar.

Med visjonen «Betre helse for alle» har Folkehelseinstituttet høge krav til seg sjølv. FHI skal tilby råd og tenester av høgste kvalitet, tilpassa brukarane sine behov. Vår ambisjon er å drive helseovervaking i verdsklasse, forsking på høgt internasjonalt nivå og service på beste nivå i staten. I tillegg har instituttet som mål å vere ein fleksibel organisasjon, med god utnytting av ressursane og høg motivasjon og trivsel blant dei tilsette.

Ønsker du å jobbe hos oss?

Du kan allereie nå opprette ein brukar i Webcruiter der du registrerer CV, slik at han er klar for neste ledige stilling som du ønsker å søke på. Aktivér epostvarsling, så blir du varsla når vi lyser ut ei stilling.

Vi ser fram til å bli kjent med deg!