Hopp til innhold

Nyhet

Ebolautbrotet i Kongo

Publisert Oppdatert

CDC, Frederick Murphy
CDC, Frederick Murphy

Verdas helseorganisasjon (WHO) og kongolesiske helsestyresmakter kjempar mot ebolautbrotet i Den demokratiske republikken Kongo. Tryggleiksituasjonen i landet gjer utbrotsarbeidet krevjande.


Den første august 2018 erklærte helsedepartementet i Kongo eit nytt utbrot av ebola. Det nye utbrotet som starta i Nord-Kivu-provinsen kom berre få veker etter at det forrige utbrotet i Equateur-provinsen var over. Etter ein periode med framgang i arbeidet med å stoppe dette siste utbrotet, melder no Verdas helseorganisasjon om auka problem med responsen grunna tryggleiken i området.

Fram til 11. mars 2019 er det meldt om 860 stadfesta og 65 mistenkte tilfelle. Det er registrert totalt 584 dødsfall. Av desse er 519 blant dei stadfesta tilfella og 65 blant mistenkte tilfelle. Syttifem av sjukdomstilfella var blant helsepersonell, og tjuefem av dei har mista livet. Omlag 87 000 personar i Kongo er vaksinerte mot ebola sidan starten av utbrotet.

Sidan midten av oktober er det rapportert omlag 30 til 40 nye tilfelle kvar veke. Utbrotet er i eit område som er prega av politisk uro, og nokre mindre delar av befolkninga motset seg responsarbeidet. Implementering av kontrolltiltak i utbrotsområdet er utfordrande på grunn av den langvarige humanitære krisa og den ustabile sikkerhetssituasjonen. Dette er knytt til den pågåande væpna konflikten i området. Alle sjukdomstilfella hittil er oppdaga i dei to provinsane Nord-Kivu eller Ituri, som ligg ved grensa til Uganda. Spreiing av ebolaviruset lokalt og til nabolanda i området kan ikkje utelukkast. Som forebyggande tiltak skal helsearbeidarar i utvalde helsesenter i Uganda ved grensen til den Demokratiske republikk Kongo vaksinerast mot ebola.  WHO vurderer at risikoen for internasjonal spreiing er låg, mens risikoen for spreiing nasjonalt og regionalt er svært høg.

Ein komité nedsett av WHO (Health Emergency Committee) var samla 17. oktober og har vurdert om utbrotet skal erklærast som ei internasjonal folkehelsekrise. Konklusjonen deira er at det ikkje er grunnlag for dette no, men at ein må følgje situasjonen nøye framover. Komiteen understrekar at ein må sikre tryggleiken for dei som arbeider med utbrotet, og dei tilrår auka fokus på kommunikasjon og god forankring for responsarbeidet hos lokalbefolkninga.

– Kongo har tidlegare hatt fleire utbrot med ebola, men ingen av desse har utvikla seg til store utbrot slik vi såg i Vest-Afrika for få år sidan. Risikoen for spreiing til Noreg vert framleis vurdert som svært låg, men Folkehelseinstituttet følgjer utviklinga nøye gjennom dei internasjonale faglege nettverka, seier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet.

Dette er det tiande utbrotet av ebola som er påvist i Kongo. Dei siste åra har det jamleg vore rapportert om lokale, avgrensa ebolautbrot. Det er hittil ingen teikn på at dei nye tilfella er knytt til tidlegare utbrot. Verdas helseorganisasjon (WHO) har ikkje tilrådd restriksjonar for reisande til eller frå landet. Norske helsestyresmakter frårår heller ikkje reiser til Den demokratiske republikken Kongo på grunn av ebolautbrotet, men tilrår generelt at dei som reiser til Kongo unngår unødvendige reiser inn i områda der det pågår ebolautbrot.

Statement on the October 2018 meeting of the IHR Emergency Committee on the Ebola virus disease outbreak in the Democratic Republic of the Congo  (WHO)

Den demokratiske republikken Kongo - reiseinformasjon (UDs reiseinformasjon basert på sikkerheitssituasjonen i landet

Nytt ebolautbrudd i DR Kongo – Norge sender spesialister (Regjeringen.no)

Ebola virusinfeksjon (Smittevernveilederen) 

Ebola virus disease – Democratic Republic of the Congo (WHO: Disease outbreak news)